Ulstein kommune
kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ulstein er ein kommune på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Av dei om lag 8 300 innbyggjarane bur 6 900 på Hareidlandet og 1 400 på Dimnøya. Andre bebudde øyar er Eika og Hatløya. Kommunen grensar til Hareid i aust og Herøy i vest. I søraust ligg Ørsta og Volda, som Ulstein er knytt til via Eiksundsambandet.
Kommunesenter er Ulsteinvik. Tettstaden hadde, ifølgje SSB, 5 376 innbyggjarar per 01.01.2015. Den nærliggande tettstaden Sundgot hadde 972 innbyggjarar.
Kommunevåpenet viser ei rekke med sju taggar i gull som symboliserer dei sju skulekrinsane Ulstein kommune ein gong hadde, dette er lagt på ein blå botn. Kommunevåpenet vart laga av Asbjørn Waage i 1984.
Remove ads
Næringsliv og utdanning
Skipsindustrien ber økonomien i kommunen. Ulstein Group og Rolls-Royce er hjørnesteinsverksemder. Kleven Verft fekk bustyrar i juli 2020.[2][3][4]
Ulsteinvik er også eit handelssenter og skulesenter. Det er 4 skulekrinsar i Ulstein: Haddal, som femner om bygdene Eiksund, Haddal og Garnes. Hasund, som femner om Dimnøya og Hasund grunnkrins. Ulsteinvik, som dekkjer gardane Osnes, Vik, Saunes, Hofset og Holseker. Ulstein, som femner om bygdelaga Skeide, Ulstein og Flø.
Remove ads
Historie
Utgravingane ved Osnes kyrkjegard tyder på busetnad i kommunen 5000 år attende i tid.
Ulstein er òg kjend for fotballaget IL Hødd.



Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for Ulstein kommune frå 1917:
a Dette talet omfattar ikkje Eiksund krins med øya Eika, som var del av Herøy kommune fram til 1964, då det vart overført til Ulstein kommune. Dette området hadde då 222 innbyggjarar.
Remove ads
Kjende folk frå Ulstein kommune
- Sigvald Hasund (1868–1959), landbrukshistorikar, høgskulerektor, politikar og minister
- Knut Strand (1887-1980), fiskebåtreiar og politikar
- Ragnar Ulstein (1920-2020), krigshistorikar, forfattar og motstandsmann
- Idar Ulstein (1934-2012) , næringsdrivar
- Kjetil Hasund (f. 1942), fotballspelar
- Per Eide (f. 1954), fotograf
- Gunvor Ulstein (f. 1969), konsernsjef i Ulsteinkonsernet, «Årets forretningskvinne» 2006.
- Ole Bjørn Sundgot (f. 1972), fotballspelar
- Arild Sundgot (f. 1978), fotballspelar
- Øystein Runde (f. 1979), teikneserieskapar
- Morten Moldskred (f. 1980), fotballspelar
- Karsten Warholm (f. 1996), friidrettsutøvar
- Dagni Myrene (f. 2002), skodespelar
- Fredrik Steen (tidlegare Knutsen), komikar
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads