Eikefjord

tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads
Remove ads

61°35′4.6824″N 5°27′29.632″E

Meir informasjon Fakta om Eikefjord ...

Eikefjord er ei bygd i Kinn kommune i Vestland og tidlegare kommune i Flora i Sogn og Fjordane fylke. Bygda ligg ved Riksveg 5, mellom Florø og Førde, 23 km aust om Florø og 33 km vest om Førde. Dersom ein reknar med områda som soknar til Eikefjord barne- og ungdomsskule har bygda, etter data frå SSB, eit innbyggjartal på 1285 i 2007.

Remove ads

Geografi

Bygda Eikefjord femner om grendene eller grunnkrinsane Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland/Kvalvik, Eikefjord og Sunnarvik i kraft av å ha sentrumfunksjonar som skule, post, bank, butikkar, bussknutepunkt og ulike lag og organisasjonar for desse.

Historie

I ein periode på 41 år frå 1923 til 1964 var Eikefjord ein kommune som femnde områda kring Eikefjorden og dalføret austover mot Ramsdalsheia. Eikefjord vart 1. januar 1923 skild ut frå Kinn som eigen kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.

I perioden frå om lag 1935 til om lag 1969 var det fleire mindre fabrikkar som dreiv med produksjon av tønner i Eikefjord.

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Eikefjord kommune frå 1923 til 1964:

Meir informasjon 1.1.1923, 1.12.1930 ...
Remove ads

Kultur og idrett

Eikefjord kyrkje vart oppført i 1812. Kyrkja vart i 1874 ombygd til krosskyrkje med 350 sitjeplassar.

Eikefjord ungdomslag vart oppretta i 1901.

Eikefjord idrettslag vart stifta i 1967.

Personar med tilknyting til Eikefjord

  • Gitarist Steinar Karlsen i bluesbandet Good Time Charlie
  • Øyvind Solheim og Kristian Stockhaus i rockegruppa Ungdomskulen.
  • Styrkeløftar Jørn Høyseth.
  • Fotballspelar Margun Humlestøl
  • Lokalhistorikar og bladmann Albert Joleik

Fotnotar

Loading content...

Bakgrunnsstoff

Arkiv frå Eikefjord kommune

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads