Eikesdalsvatnet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eikesdalsvatnetmap
Remove ads

Eikesdalsvatnet[1] er ein innsjø i Molde kommune i Møre og Romsdal fylke. Han ligg 22meter over havet og største djupna er 155m. Sjøen er lang og smal  snautt 18km i luftlinje. Arealet er 23km², noko som gjer Eikesdalsvatnet til den største innsjøen i Møre og Romsdal.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

I sommarsesongen går det ferje på Eikesdalsvatnet mellom Øverås i nordenden og Eikesdalen i sørenden.

Vegen langs vatnet inn til Eikesdalen, Fv191 eller Eikesdalsvegen, har vore stengd fleire gonger på grunn av ras. I august 2003 forsvann 200 meter av vegen på grunn av flaum etter kraftig regnvêr. Mykje arbeid har vore gjort for å rassikre vegen, mellom anna er meir av vegen lagt i tunnel, men delar av vegen er framleis særs utsett for ras.

Eikesdalsvatnet er omkransa av fjell med toppar mellom 1500 og 1800moh. Dei bratte fjellsidene ned mot Eikesdalsvatnet gjer området sterkt utsett for ras. Liene rundt vatnet har rike edellauvskogar og visstnok den største hasselskogen i Nord-Europa.

Eikesdalsvatnet har fleire innløp, mellom anna Aura som renn gjennom Eikesdalen frå Aursjøen. Det mest kjente innløpet er Mardøla med den kjende Mardalsfossen.

Remove ads

Fotnotar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads