Hassel
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Hassel (Corylus avellana) er ein art i hasselslekta i bjørkefamilien. Han er mest kjend for nøttene som kan etast. Hassel veks i urer og kratt i innlandet opp til Sør-Fron og Vestre Slidre, og langs kysten opp til Steigen i Nordland. Det er nordlegaste førekomsten i verda.[2]
Remove ads
Bruk
Dei tynne seige kvistane frå hassel vert brukt til flettverk og tønnebånd. Veden har også vore brukt til trekol, som blir av svært god kvalitet.
Nøttene inneheld ca 60 % olje, 20 % protein og ein del C-vitaminar. Dei har vore brukt både som menneske- og dyremat, og som råstoff for både såpe- og parfymeproduksjon.
Tradisjon
Hasselen har tradisjonelt vore nytta som «varseltre». Mange nøtter tydde ein våt haust og kald vinter, mens få nøtter spådde ein tørr høst og mild vinter.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads