Ein al-Beida

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ein al-Beida
Remove ads

Ein al-Beida (arabisk عين البيضا) er ein palestinsk landsby i Tubas guvernement nordaust på Vestbreidda. Han har eit folketal på kring 1 050.

Kjappe fakta Land, Guvernement ...
Remove ads

Historie

Ein al-Beida vart grunnlagd i 1952 av arabiske bønder frå familiane Fuquha og Daraghmah frå Tubas, som eigde gardar i området og som ønskte å opprette ein landsby. Landsbyen er kalla opp etter ein brunn i området, Ein al-Beida, som fortida er tørr etter at Israel har utnytta vatnet i Jordandalen.[1]

Geografi og klima

Ein al-Beida ligg på ei slette aust i Jordandalen omgjeve av åsar og fjell. Han ligg 15 kilometer nordaust for Tubas, og grensa til Jordanelva i aust, Bardala i vest, Den grøne linja i nord og den israelske busetjinga Mehola i sør. Byen ligg 166 meter under havnivå.[1]

Ein al-Beida har varmt vêr, med varme, tørre somrar og kalde, tørre vintrar. Årsmiddelnedbøren i landsbyen er 275 millimeter. Årsmiddeltemperaturen er 21-22 grader Celsius og luftfukta er i snitt 55 %.[1]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads