Eitorn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eitorn er ei grend på nordsida av Sognefjorden mellom Balestrand og Leikanger i Sogn.
Grenda høyrde til Balestrand kommune frå kommunedelinga i 1849 til Schei-kommisjonen førte henne attende til Leikanger i 1963. Eitorn-grenda strekkjer seg frå Fjærlandsfjorden i vest til Kvinnafossen i aust, og omfattar gardane Hella, Ruud, Vestreim, Eitorngjerdet, Eitun (Eitorn), Pergjerdet og Eikenes. I Eitorn var det i si tid planteskule, og eplesorten Eitorn-eple vart ala fram her.
Eitorn fekk vegutløysing i 1956, då vegen frå Grinde vart bygd heilt fram til Hella.
Tidlegare ordførar Ola Vestrheim er her ifrå.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads