Ela av Andromache
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Ela» (gresk skrift Έλα, norsk omsetjing 'kom igjen') er ein song frå 2022 som vert framført av den greske songaren Andromache. Songen vart internt vald av den kypriotiske ålmennkringkastaren CyBC til å vere det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Remove ads
Om songen
«Ela» er ein latinopoplåt med vers på engelske vers og refreng på gresk. Songen er skriven av eit internasjonalt låtskrivarteam som har levert ei rekkje Eurovision-bidrag tidlegare. Alex Papakonstantinou har blant anna skrive «Fuego» som Kypros fekk ein andreplass med i 2018, mens Arash deltok for Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2009.[1]
Songen og artisten Andromache vart internt valde av kringkastaren CyBC til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2022. Artisten og songen vart annonserte under ei tv-sending 9. mars 2022, mens musikkvideoen vart lagd ut på YouTube-kanalen til Panik Records dagen etter. 11. mars 2022 vart songen tilgjengeleg på alle strøyme- og salgsplattformar.[1]
Eurovision Song Contest
«Ela» deltok i den andre semfinalen av Eurovision Song Contest, torsdag 12. mai 2022. Der blei songen nummer 12 av 18 bidrag. Sidan songen ikkje vart blant dei ti beste i semifinalen, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[2][3]
Sceneframsyninga og framføringa i Eurovision var regissert av koreografane Marvin Dietmann og Dan Shipton.[2]
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads