Elbasan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elbasan (albansk Elbasan eller Elbasani) er ein by og ein kommune i Albania, og er administrasjonssenteret til regionen med same namn. Elbasan ligg sentralt i landet ved elva Shkumbin og er ein av dei største byane i Albania med om lag 115 000 innbyggjarar i kommunen (2023). Kommunen, som i nord grensar til regionen Tirana, har eit areal på 872 kvadratkilometer.

Remove ads
Historie
Det var romarane som grunnla byen og bygde festningar her, men det var først på 1600-talet at byen utvikla seg frå ei festning (El Basan), bygd av den tyrkiske sultanen Mehmed II i 1466.
Fram til Den andre verdskrigen var Elbasan ein av dei finaste ottomanske byane i Albania, med ei blanding av bygningar frå Austen og mellomalderen , smale brusteinsgater og ein stor basar der ein framleis kunne høyre tyrkisk. Innanfor bymurane var det eit eige kristent område, i utkanten av byen eit vlacher-distrikt og fleire fine moskear og islamske bygningar. På denne tida var det om lag 15 000 innbyggjarar i byen.
Remove ads
Administrativ inndeling
Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Elbasan vart slått saman med landkommunane Labinot-Fushë, Labinot-Mal, Gjinar, Shushicë, Gjergjan, Funarë, Shirgjan, Tregan, Gracen, Bradashesh, Zavalinë og Papër.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen. Kommunen har hovudsete i Elbasan.
Tidlegare administrativ inndeling
Fram til år 2000 var den dåverande bykommunen Elbasan hovudstad i distriktet Elbasan.[3] Den dåverande bykommunen omfatta berre sjølve byen Elbasan.[2]
Folketal
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads