Shkumbin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Shkumbin er ei elv sentralt i Albania. Ho er 181 km lang, og renn ut i Adriahavet. Elva er rekna som den tradisjonelle skiljelinja mellom dei to albanske dialektane toskisk (på sørsida) og gegisk (på nordsida).

Elva har utspring i fjella sørvest for Ohridsjøen, eit stykke frå byen Pogradec. Løpet kryssar nesten hele Albania frå aust til vest. Elva flyt først nordover og deretter mot nordvest, gjennom Qukës og Librazhd, før ho vender mot vest og renn gjennom Polis, Elbasan, Cërrik, Peqin og Rrogozhinë. Shkumbin renn ut i Adriahavet aust for Rrogozhinë og nordvest for Divjakë.[1]
Det latinske namnet på Shkumbin er «Genusus». Lenge utgjorde elva nordgrensa for regionen Epirus.[2] På 400-500-talet danna ho den kulturelle grensa mellom Illyria og Hellas i antikken.[3]

Remove ads
Bakgrunnsstoff
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads