Eldorado av Electric Light Orchestra

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Eldorado (stundom kalla Eldorado – A Symphony by the Electric Light Orchestra) er det fjerde studioalblumet til Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1974.

Meir informasjon Electric Light Orchestra-kronologi, Singlar frå ...
Remove ads

Konsept

Eldorado er det første konseptalbumet til ELO. Jeff Lynne kom opp med historia før han skreiv musikken.[1] Plottet følgjer ein Walter Mitty-liknande karakter som reiser inn i ei fantasiverd via draumane sine og rømmer frå røyndomen sin. Lynne byrja å skrive albumet som svar på kritikk frå faren, som elska klassisk musikk, og som sa at repertoaret til Electric Light Orchestra ikkje «hadde noko melodi».[2] Påverknaden frå The Beatles er tydeleg, særleg i versa på «Mister Kingdom» som minnar om Beatles sin «Across the Universe».

Remove ads

Innspeling

Eldorado var det første albumet der Jeff Lynne hyrte eit orkester. På dei førre albuma hadde Lynne i staden lagt lag på lag med strykarar.[1] Louis Clark var medarrangør og dirigerte strykarane, og vart sidan fulltidsmedlem i bandet.[1] Dei tre faste strykeinstrumentalistane i bandet spelte òg på albumet, mest tydeleg på songane «Boy Blue» og «Laredo Tornado». Mike de Albuquerque slutta tidleg i innspelingsprosessen sidan turnélivet heldt han borte frå familien. Lynne spelte det meste, om ikkje alt, av bass og korvokal på albumet, sjølv om berre de Albuquerque står omtalt på plateomslaget. Kelly Groucutt erstatta de Albuquerque på den påfølgjande turneen, då cellisten Melvyn Gale òg kom inn. «Eldorado Finale» er ein tungt orkestrert versjon av «Eldorado Overture». Jeff Lynne sa om denne songen «Eg likar dei tunge akkordane og den noko teite slutten, der ein kan høyre kontrabassistane pakke saman bassane sine, fordi dei ikkje ville spele eit millisekund meir enn dei hadde fått betalt for».[1]

Remove ads

Utgjeving og mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

«Can't Get It Out of My Head» vart gjeven ut som singel (med «Illusions in G Major» som B-side) og vart ein suksess i USA. Ein nedkorta versjon av «Boy Blue» vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet, men selde dårleg. Albumet selde til gullplate i USA. Verken albumet eller singlane gjorde det særleg bra i Storbritannia.

I 1978 gav filmskaparen Kenneth Anger ut filmen Inauguration of the Pleasure Dome frå 1954 ut på ny og nytta Eldorado som filmmusikk. I juli 2010 vart albumet av Classic Rock kåra til eit av dei 50 albuma som bygde progrocken.[5]

Innhald

Alle spor skrivne av Jeff Lynne.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • Peter Forbes-Robertson – tale
Remove ads

Lister

  • US: 16. plassen på CashBox; 16. plassen på Billboard 200;[6] 31. plassen på Billboard Year-End (1975)
  • UK: gjekk ikkje inn på lista då albumet kom ut, men nådde 38. plassen i 1978 som del av den tripple plateboksen Three Light Years.
  • AUS: 40. plassen på ARIA Album Chart, 14 veker
  • CAN: 7. plassen på RPM Album Chart, 28 veker

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads