Election Special
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Election Special er det fjortande studioalbumet til den amerikanske musikaren Ry Cooder, gjeve ut i 2012. Etter albumet Pull Up Some Dust and Sit Down i 2011, fortsette Cooder å skrive songar inspirerte av spesifikke hendingar. Han var ikkje nøgd med Republikanarane og dei økonomiske støttespelarane deira, og ønskte å skrive eit album som retta lyttarane mot det amerikanske presidentvalet i 2012, som han meinte kom til å vere kritisk for historia til landet. Election Special vart hovudsakleg spelt inn i Drive-By Studios i North Hollywood og produsert av Cooder.
Election Special består av amerikansk folkemusikk og bluesrock i form av protestsongar. Songane har livlege melodiar, enkel instrumentering og enkelt arrangement. Cooder spelte alle instrumenta sjølv, inkludert bass, gitar og mandolin, utanom trommer, som vart spelt av sonen Joachim. Det er eit djupt politisk album, som går vidare inn i dei samfunnspolitiske emna frå Pull Up Some Dust and Sit Down. Tekstane er enkle og satiriske. Cooder syner seg som ein liberal og populistisk person og var inspirert av eldre musikk som skillingsviser og countryblues.
Election Special kom ut på Perro Verde Records og Nonesuch Records den 16. august 2012, ei veke før det republikanske landsmøtet i 2012. Det fekk generelt god kritikk. Albumet nådde 164. plassen på Billboard 200-lista i USA, men kom langt høgare i andre land.
Remove ads
Mottaking
Election Special fekk generelt godt kritikk. På Metacritic har albumet ein samla score på 77 av 100, basert på 17 ulike meldingar.[1]
I Rolling Stone kalla David Fricke albumet ei «kraftig partisansk perle med skiten plukking og svart humor ... protestmusikk levert med gåva til ein patriot – venleiken i dei amerikanske røtene og ekspertisen i spelinga til Ry Cooder - og langt minne.»[10] Thomas Jurek i AllMusic skreiv at albumet «tener to føremål: det eine er at det er den mest organiske plata han har gjeve ut på nesten to tiår; og, enno viktigare, ho gjenopprettar aktuell protestmusikk til ein ærleg stad i amerikansk kulturliv.»[2] Robert Christgau var mindre imponert og skreiv i MSN Music at protestsongar generelt er «vanskeleg å få til sjølv i augneblikket» og meinte at somme av songane på albumet «rett og slett ikkje skrur skruen til hardt nok». Han gav likevel Cooder «ekstra honnør for både å forkynne til dei omvendte og gjere sitt yttarste for å samle dei som trur dei er moralsk betre.»[7]
Remove ads
Innhald
Alle songar er skrivne og produserte av Ry Cooder, utanom der andre er nemnde.
Medverkande
Frå plateomslaget.[12]
- Joachim Cooder – komponist, trommer, fotografi
- Ry Cooder – kunstnarisk leiar, bass, komponist, gitar, mandolin, produsent, vokal
- Arnold McCuller – harmonivokal
- Teknisk
- Martin Pradler – lydteknikar, mastering, miksing
- Al Quattrocchi – kunstnarisk leiar
- Jeff Smith – kunstnarisk leiar
- Tornado Design – design
Salslister
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads