Pull Up Some Dust and Sit Down

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pull Up Some Dust and Sit Down er det trettande studioalbumet til den amerikanske musikaren Ry Cooder, utgjeve 30. august 2011 på Nonesuch Records .

Meir informasjon Ry Cooder-kronologi, Singlar frå ...

Etter albumet I, Flathead i 2007, tok låtskrivinga til Cooder ei meir politisk retning, inspirert av finanskrisa seint i 2000-åra og tidlegare protestsongar. Pull Up Some Dust and Sit Down vart skriven og produsert av Cooder, som spelte inn songar i Drive-By Studios, Ocean Studios og Wireland Studios i California. Han spelte ymse instrument og arbeidde med musikarar som Flaco Jiménez, Juliette Commagere, Robert Francis og Jim Keltner.

Pull Up Some Dust and Sit Down inneheld høvessongar med samfunnspolitiske tema frå Amerika på denne tida, som økonomisk ulikskap, sosial urettferd, politikk og krig. Musikken bestod av americana og nyttar tradisjonelle stilartar og musikalsk språk frå historiske kjelder som countryblues, tejano og amerikansk folkemusikk. Kritikarar nemnte dei allegoriske songane skrivne frå synspunktet til arbeidarklassen og den spottande tekstane til Cooder.

Albumet gjorde det greit på salslistar i USA, men ganske bra i Europa. Cooder sa han var desillusjonert over musikkindustrien på grunn av det relativt dårlege salet av plata. Albumet fekk god kritikk då det kom og han vart samanlikna med visesongaren Woody Guthrie.[1]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Samla karakter ...

Pull Up Some Dust and Sit Down fekk god kritikk då det kom ut. På Metacritic fekk albumet ein score på 92 av 100, basert på 14 meldingar.[2]

AllMusic skreiv at det var «det mest tydeleg, politiske albumet til Cooder... og eit av dei mest morosame, og eit av dei musikalsk mest overtydande han har laga».[3]

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne og produserte av Ry Cooder, utanom der andre er nemnde.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • Ry Cooder – kunstnarisk leiar, bajo sexto, banjo, bass, komponist, gitar, klaverinstrument, mandola, mandolin, marimba, produsent, vokal
  • Rene Camacho – bass
  • Edgar Castro – basstrommer, skarptrommer, perkusjon, timbales
  • Juliette Commagere – korvokal
  • Joachim Cooder – bass, trommer
  • Raúl Cuellar – fiolin
  • Terry Evans – korvokal
  • Robert Francis – bass
  • Arturo Gallardo – altsaksofon, klarinett, saksofon
  • Carlos Gonzalez – trompet
  • Willie Green – korvokal
  • Jesus Guzman – fiolin
  • Ismael Hernandez – fiolin
  • Flaco Jiménez – trekkspel
  • Jimmy Cuellar – fiolin
  • Jim Keltner – komponist, trommer
  • Arnold McCuller – korvokal
  • Pablo Molina – althorn, susafon
  • Erasto Robles – trombone
Teknisk
  • Karina Beznicki – produksjonsoversyn
  • Arthur Moorhead – produksjonskoordinering
  • Martin Pradler – lydteknikar, miksing
  • Bernie Grundman – mastering
  • Al Quattrocchi – kunstnarisk leiar
  • William Reagh – fotografi
  • Jeff Smith – kunstnarisk leiar
  • Susan Titelman – fotografi
  • Paul Turonet – fotografi
  • Vincent Valdez – fotografi
  • Jacques Demêtre – fotografi
  • Robert Edridge-Waks – redigeringskoordinator

Salslister

Meir informasjon Liste (2011), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads