Eleftherios Venizelos

From Wikipedia, the free encyclopedia

Eleftherios Venizelos
Remove ads

Eleftherios Venizelos (23. august 186418. mars 1936) var ein gresk kretisk politikar. Han var gresk statsminister i periodane 1910–1915, 1915, 1917–1920, 1924, 1928–1932, 1932 og dessutan 1933, og er ein av dei viktigaste personane i moderne gresk historie. Han har gitt namn til den internasjonale flyplassen i Aten. Han har hatt stor påverknad også etter sin død gjennom venizelismen, ein ideologi inspirert av tankane hans. Innverknaden hans på Hellas var så stor at han er blitt omtalt som «skaparen av det moderne Hellas».[1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Venizelos var ein av leiarane for opprøret mot tyrkarane på Kreta i 1897. Då øya fekk sjølvstyre, blei han justisminister der i perioden 1899–1901. Han var forkjempar for at alle grekarar skulle vera samla i eit land. I 1910 flytta han til Athen, der han grunnla Det liberale partiet, og etter det påfølgjande valet blei han statsminister i landet. Gjennom satsingane hans på militæret var landet godt førebudd før Balkankrigen, då dei nordre delane av noverande Hellas blei erobra.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads