Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten

From Wikipedia, the free encyclopedia

Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten
Remove ads

Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, vanlegvis omtalt som berre Universitetet i Athen, er eit gresk universitet som har vore i gang sidan det blei skipa i 1837.[1] Det er den eldste institusjonen for høgare undervising i den moderne staten Hellas.

Kjappe fakta Grunnlagt, Stad ...

I dag er universitet den neste største institusjonen for høgare utdanning i Hellas; berre Aristotelesuniversitet i Thessaloniki er større, med over 50 000 studentar. Hovudområdet til universitetet ligg i Ilissia, der fakulteta for vitskap, teologi og filosofi held til. I Goudi finn ein fakultetet for helsevitskap og medisin. Dafni husar undervising i fag som idrett og idrettsvitskap. Fakulteta for mediefag, økonomi, jus og allmenn administrasjon ligg i bygningane i sentrale Aten. Det historiske administrasjonsbygget ligg òg der, i gata Panepistimiou som har namn etter universitet.

Remove ads

Historie

Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen blei grunnlagt den 3. mai 1837 og blei då mellombels husa i bygningar teikna av arkitektane Stamatios Kleanthis og Eduard Schaubert. Desse lokala låg ved foten av den nordlege skråninga av Akropolis. Dette var det første universitetet ikkje berre i den nyleg etablerte greske staten, men på heile Balkan og den austlege delen av Middelhavet.[2]

Før universitet blei omdøypt for å æra Ioannis Kapodistrias, den første statssjefen i det uavhengige, moderne Hellas, var læresteden kjend som Det ottonianske universitetet etter kong Otto og bestod av fire fakultet: teologi, jus, medisin og filosofi (som òg omfatta anvend forsking og matematikk). Det hadde 33 professorar, 52 studentar og 75 ikkjematrikulerte «revisorar». I november 1841 byrja undervisinga i ein ny bygning utforma av den danske arkitekten Christian Hansen. Bygningen Propylaea (37°58′51″N 23°44′02″E 37°58′51″N 23°44′02″E) var designa av den yngre broren hans, Theophilus Hansen i 1859, men byggeprosjektet blei ikkje fullført før i 1885.[3]

I 1843 bytta universitetet namn til Det nasjonale universitetet. Dagens formelle namn, Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, blei vedteke i 1911 etter at forretningsmannen Ioannis Dombolis, som var ein ven av politikaren Ioannis Kapodistrias, skjenka ein stor pengesum til etableringa av eit universitet til ære for Kapodistrias.

På 1960-talet byrja bygginga av campusen til universitetet i forstaden Ilissia. På 2000-talet heldt skulane for filosofi, teologi og vitskap til i dette bygningskomplekset.[1]

Remove ads

Fakultet og avdelingar

Thumb
Propylaea, del av «Trilogien» til Theophilus Hansen, var ein gong hovudbygningen til universitetet og fungerer i dag hovudsakleg som seremonihall.
Thumb
Fakultet for rettsvitskap. Bygningen blei opphavleg bygd i 1930, men ei andre avdeling blei lagt til på 1960-talet. Ei omfattande renovering byrja i 2002 og blei fullført i 2006.[4]

Universitet i Athen er delt inn i «skular» (engelsk schools) og fakultet (engelsk departments). På gresk har ein brukt begrepene «σχολές», «τμήματα» og «τομείς».[5] Lista under bruker fagnemningar som ligg nærast dei tilsvarande nemningane på norske universitet.

  • Fakultet for agrikultur, ernæring og berekraft[6]
    • Avdeling for agrikultur, «agrofood» og forvaltning av naturressurser[7]
  • Teologisk fakultet[8]
    • Avdeling for religionssosiologi
    • Avdeling for teologi
  • Fakultetet for filosofi[9]
  • Fakultetet for samfunnsøkonomi og statsvitskap[13]
    • Avdeling for samfunnsøkonomi
    • Avdeling for Tyrkia-vitenskap og moderne asiatiske studium
    • Avdeling for kommunikasjon og mediefag
    • Avdeling for statsvitskap og offentleg administrasjon[14]
    • Avdeling for sosiologi
    • Avdeling for bediftsøkonomi
    • Avdeling for havneforvaltning
    • Avdeling for digital kunst og film
  • Fakultetet for rettsvitenskap[15]
  • Fakultetet for matematikk og naturvitskap[16]
  • Undervisningsfakultetet[17]
    • Avdeling for småbarnspedagogikk[18]
    • Avdeling for grunnskoleundervisning[19]
  • Helsevitenskapelig fakultet[20]
  • Uavhengige fakultet[21]
    • Fakultetet for kroppsøving og idrettsvitskap
    • Fakultetet for grunnskolepedagogikk
    • Fakultetet for barneskolepedagogikk
    • Fakultetet for kommunikasjon og studium av massemedia
    • Fakultetet for filosofi og vitskapshistorie
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads