Eliza Agnew
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eliza Agnew (2. februar 1807–14. juni 1883) var ein amerikansk presbyteriansk misjonær som underviste i over førti år i Uduvil på Ceylon (no Sri Lanka). Ho var kjend som «Mor til tusen døtrer» på grunn av dei mange elevane sine, og var den fyrste ugifte kvinnelege misjonæren frå USA på Ceylon.[1][2]
Remove ads
Bakgrunn
Eliza Agnew var fødd i New York i 1807 som dotter av James og Jane Agnew. Som jente blei ho inspirert av eit vekkingsmøte i 1823 på Orange Street Presbyterian Church til å via livet sitt til kyrkja.[3] Ho byrja tenesta si i heimen, på «sabbat-skulen», og i å dela ut biblar og traktatar.[4][5]
Misjonærarbeid
Etter at foreldra hennar døydde blei Agnew tilsett ved Ceylon Mission av American Board of Boston i 1839. Ho segla frå Boston i Massachusetts til Jaffna på Ceylon, ombord på «Black Warrior».[6] Deretter verka ho som lærar i 42 år utan pause på den kvinnelege internatskolen i Uduvil, like nord for Jaffna. «Eg gav opp alt då eg forlet Amerika,» sa ho om det uavbrotne virket sitt i Uduvil.[7]
Agnew hadde oppsyn med bygginga av nye sovesalar i Uduvil etterkvart som skulen vaks i storleiken og prestisje.[5] Ho vitja og hjelpte uteksaminerte og tidlegare studentar med økonomien sin og åndelege saker. Ho slutta som rektor ved skulen i 1879 og flytta til Manipay, like vest for skulen. Ho budde i huset til frøken Mary og Margaret W. Leitch, som var American Board-misjonærar i Manipay.[8] Ho døydde av slag i juni 1883 og blei gravlagd i Uduvil i nærleiken av skulen der ho hadde arbeidd så mykje av livet.[9]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads