Eliza Flower
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eliza Flower (1. januar 1803–12. desember 1846) var ein engelsk musikar og komponist. I tillegg til sitt eige verk blei Flower kjend for vennskapane sine med personar som politikaren William Johnson Fox, forfattaren Robert Browning og filosofane John Stuart Mill og Harriet Taylor.
Remove ads
Liv
Flower var fødd i Harlow i Essex i 1803 som dotter av den radikale journalisten Benjamin Flower og filantropen Eliza Gould.[1][2] Foreldra hennar møtte kvarandre medan faren sat i fengsel for ærekrenking. Dei gifta seg då han slapp ut i 1800.[3]
Den yngre systera hennar Sarah Fuller Flower Adams, som blei diktar, blei fødd i 1805.[4] Mora døydde i 1810 etter å ha fødd ein bror, som også døydde kort tid etter fødselen.[3] Dei to systrene blei oppseda av faren på ukonvensjonelt vis.[3] Dei skal ha vore modellar for Ibbotson-systrene i romanen Deerbrook av Harriet Martineau frå 1839.[3]
Frå ho var fire år gammal viste Eliza Flower ei lovande evne for musikk og komposisjon.[5] Flower, faren og systera hennar var alle jamlege bidragsytarar til tidsskriftet The Monthly Repository gjeve ut av den unitariske presten William Johnson Fox.[6] Etter at Benjamin Flower døydde budde Eliza og Sarah hjå Fox som myndlingane hans til Sarah gifta seg med William Bridges Adams i 1834, og Eliza døydde i 1846. Fox var gift (og skild), og vennskapen hans med Eliza Flower, og levearrangementet deira, sjølv om det var platonisk, førte til rykte og sosial utstøyting mot henne.[5][7] Flower og Fox var vener med det ugifte paret John Stuart Mill, ein politikar og filosof, og Harriet Taylor, ein kvinnerettsaktivist.[6]
Det første publiserte musikalske verket til Flower var Four Musical Illustrations of the Waverley Novels i 1831, som sette musikk til fleire av sir Walter Scott sine romantiske songar.[5] Ho skreiv seinare musikk til verk av syster si, inkludert hymnen «Nearer, My God, to Thee» («Nærmere deg, min Gud»), som var ein del av Fox si samling Hymns and Anthems.[5] Korverket hennar «Now pray we for our Country» fekk noko popularitet.[8] Ho skreiv musikk sungen ved gravferda til den hinduiske reformatøren Ram Mohan Roy.[3] I levetida si omtalte meldarar henne som den største kvinnelege komponisten som hadde vore i heimlandet.[3]
Flower døydde 12. desember 1846 av tæring medan ho var i Hurstpierpoint nær Brighton.[3]
Remove ads
Vennskap med Robert Browning
Flower og systera hennar Sarah blei kjende med den unge diktaren Robert Browning.[1] Flower blei vist eit manuskript av Browning si diktsamling Incondita, med dikt han hadde skrive som 12-åring, av mor hans.[1][9] Flower viste dei så til Fox.[1] Han likte òg dikta, men overtalte Browning om at dei ikkje var gode nok til å gje ut. Dikta blei til slutt øydelagde av Browning, saman med mykje av det andre arbeidet hans, i 1884.[1] Browning utvikla ein guteaktig kjærleik til Flower, som var ni år eldre enn han, og blei verande glad i henne til ho døydde.[1][9] Ho var inspirasjonen til diktet hans «Pauline».[5]
Remove ads
Verk
- 1831: Four Musical Illustrations of the Waverley Novels
- 1832: «The Gathering of the Unions»
- 1834: Songs of the Seasons
- 1841: Hymns and Anthems (med «Nearer, My God, to Thee»)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
