Elizabeth Fry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elizabeth Fry (21. mai 1780–12. oktober 1845) var ein britisk kvekar, fengselsreformator og velgjerar.
Ho var fødd som Elizabeth Gurney i ein velståande kvekarfamilie i Norwich. I 1800 gifta ho seg med bankmannen Joseph Fry, også ein kvekar, som ho fekk elleve barn med. Etter giftarmålet budde Fry i London.
I 1811 blei ho predikant i kvekarsamfunnet, og fekk eit ry som ein framifrå talar.[1]
I 1813 vitja Fry Newgate Prison i London, der meir enn 300 kvinner og barna deira var fengsla i skitne og overfylte kår. Etter dette engasjerte ho seg for å forbetra tilhøva i fengsla i landet. Ho skipa organisasjonar for fangane og for forbetring av kåra deira. Ho la vekt på å hjelpa dei med å utvikla evner dei kunne forsørga seg sjølv med utanfor fengselet, som å sy. Samstundes overtalte ho autoritetsfigurar til å gjera kåra til kvinner som var fengsla eller dømde til å transporterast til Australia betre. I 1818 talte ho om fengelstilhøva for ein parlamentskomité, og blei dermed den første kvinna til å presentera prov i det britiske parlamentet. Arbeidet hennar vekte merksemd i utlandet, og Newgate blei mellom anna vitja av Fredrik Vilhelm IV av Preussen.[2]
Fry arbeidde også for heimlause og helseven. Etter å ha sett den livlause kroppen til ein gut vinteren 1819/20 skipa ho nattherberge for heimlause i London. I 1840 opna ho ein sjukepleieskule. Denne inspirerte Florence Nightingale, som tok ei gruppe sjukepleiarar frå denne skulen for å hjelpa såra soldatar under Krimkrigen. Fry arbeidde også for å betra pleia for mental sjukdom. Saman med andre kvekarar var Fry også aktivt med på å prøva å avvikla slaveriet.
Remove ads
Verk
(Utval)
- 1827: Observations on the visiting, superintendence and government, of female prisoners
- 1831: Texts for every day in the year, principally practical & devotional
- 1841: An address of Christian counsel and caution to emigrants to newly-settled colonies
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads