Else Michelet

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Else Michelet (16. februar 19423. mai 2021) var ein norsk programleiar, forfattar, satirikar og kvinnesaksforkjempar.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Else Michelet studerte litteraturvitskap, fransk og engelsk ved Universitetet i Oslo. I 1967 byrja ho i NRK radio, fyrst med eigne viser og anna, frå 1973 som fast programsekretær i underhaldingsavdelinga. Med sitt satiriske radioprogram Hallo i uken sette Else Michelet sitt preg på fleire generasjonars radiolyttarar.[2] I 1970- og 1980-åra var ho sentral i Norsk Kvinnesaksforening, der ho var landsstyremedlem 1974–1988.[3][4] Ho var redaktør for tidsskriftet Kvinnesaksnytt frå 1980 og i minst ti år framover.

Michelet blei blant anna kjend for dei feministiske bøkene Sin egen herre: eventyr og annet ugress fra 1979, bestseljaren En annen historie frå 1981 som også blei dramatisert for TV i 1983, romanen Ariadnes tråd: et reiseliv frå 1988 og Og det som verre var : eventyr på avveie frå 2000. Ho blei også ein kjend radiostemme i underhaldningsprogram som Nitimen, Reiseradioen, Nat-ta-ta, Nattergal, Med rot i virkeligheten, Bare barnemat og satiremagasinet Hallo i uken.

På 1970-talet sette Michelet opp sin eigen cabaret med tittelen Skapningens herre. Det var ei musikalsk og humoristisk framsyning der ho stod åleine på scena. Temaet for framsyninga var kjønnsroller. I 1978 spelte ho denne framsyninga på Oslo Nye.[5] Seinare framførte ho leilegheitsvis showet rundt i Noreg, frå 1970-talet, opp gjennom 1980-talet og eit stykke ut på 1990-talet.[6][7][8]

Else Michelet arbeidde også som oversetjar, blant anna av teikneserien Asterix[7] og av fleire skodespel.

Remove ads

Utmerkingar

Michelet fekk årets fagpris under Komiprisen 2007. I 2009 blei ho tildelt Fritt Ords honnør.[9]

Bibliografi

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads