Elton John's Greatest Hits Volume II
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elton John's Greatest Hits Volume II er eit samlealbum av den britiske songaren Elton John, utgjeve i 1977.
Remove ads
Albuminformasjon
Det finst fleire versjonar av albumet. Det vart opphavleg gjeve ut to versjonar, ein i USA og Canada og ein annan for Storbritannia og resten av verda, begge lansert i 1977. Den britiske versjonen, utgjeven på DJM Records, inneheld «Bennie and the Jets» frå albumet Goodbye Yellow Brick Road, som i forkant hadde kome ut som singel i heimlandet til Elton John. I Nord-Amerika, der albumet vart utgjeve av MCA Records, hadde denne songen allereie vore med på det første samlealbumet Elton John's Greatest Hits frå 1974. Det vart erstatta med «Levon», ein endå eldre song frå albumet Madman Across the Water, utgjeve i 1971.
Albumet inneheld òg to songar som seinare skulle bli erstatta, «Sorry Seems to Be the Hardest Word» og «Don't Go Breaking My Heart», begge frå 1976. Dette var dei nyaste songane på samlinga.
Alle versjonane inneheld «The Bitch Is Back», «Someone Saved My Life Tonight», «Philadelphia Freedom», «Island Girl», «Grow Some Funk of Your Own» og coverversjonar av «Lucy in the Sky with Diamonds» og «Pinball Wizard».
Remove ads
Innhald
Original nordamerikansk versjon
Original internasjonal versjon
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads