Madman Across the Water

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Madman Across the Water er det fjerde studioalbumet til Elton John. Det kom ut i 1971 og vart produsert av Gus Dudgeon.

Meir informasjon Elton John-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Tittelsongen «Madman Across the Water» skulle opphavleg gjevast ut på det førre albumet til Elton John, Tumbleweed Connection, men vart sett til side og spelt inn på nytt for dette albumet. Den tidlegare versjonen av denne songen, med Mick Ronson på gitar, er å finne som bonusspor på nyare CD-utgåver av Tumbleweed Connection. Dette var det første albumet til Elton John der han berre spelar piano og ingen andre klaverinstrument. Det var òg det første albumet hans med Davey Johnstone på gitar. Han skulle kome til å spele med John i fleire tiår frametter. Som med alle Elton John-songane på denne tida vart tekstane skrivne av Bernie Taupin.

Etter debutalbumet var dette det Elton John-albumet som nådde den lågaste plasseringa på den britiske albumlista, berre 41. plass. I USA nådde albumet 8. plass tidleg i 1972 og selde til gullplate i februar 1972. I 1993 hadde albumet seld til platinaplate, og dobbelplatina i 1998.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Elton John og Bernie Taupin

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

  • Elton John – piano, vokal
  • Roger Pope – trommer (spor 1, 3 & 6)
  • David Glover – bassgitar (spor 1, 3 & 6)
  • Caleb Quaye – elektrisk gitar (spor 1–3), akustisk gitar (spor 6)
  • B. J. Cole – steelgitar (spor 1)
  • Davey Johnstone – akustisk gitar (spor 1, 4 & 7), mandolin (spor 6), sitar (spor 6)
  • Lesley Duncan, Sue & Sunny, Barry St. John, Liza Strike, Roger Cook, Tony Burrows, Terry Steele, Dee Murray, Nigel Olsson – korvokal (spor 1, 6 & 7)
  • Paul Buckmaster – arrangement (spor 1, 2, 4–6, 8 & 9)
  • Barry Morgan – trommer (spor 2)
  • Brian Odgers – bassgitar (spor 2)
  • Brian Dee – harmonium (spor 2)
  • Rick Wakeman – orgel (spor 3, 4 & 7)
  • Jack Emblow – trekkspel (spor 3)
  • Terry Cox – trommer (spor 4, 5 & 7)
  • Herbie Flowers – bassgitar (spor 4, 5 & 7)
  • Ray Cooper – perkusjon (spor 4), tamburin (spor 7 & 8)
  • Chris Spedding – elektrisk gitar (spor 4), slidegitar (spor 7)
  • Diana LewisARP-synthesizer (spor 4 & 7)
  • Chris Laurence – kontrabass (spor 5)
  • Cantores em Ecclesia Choir – korvokal (spor 5 & 8)
  • Nigel Olsson – trommer (spor 8)
  • Dee Murray – bassgitar (spor 8)

Produksjon

  • Gus Dudgeon – produsent, notat i omslaget
  • Robin Geoffrey Cable – lydteknikar
  • Tony Cousins – remastering
  • Gus Skinas – redigering
  • Ricky Graham – digital overføring
  • Greg Penny – kringlyd
  • Crispin Murray – assistent
  • David Katz – orkesterkontrahent
  • Robert Kirby – kordirigent
  • Paul Buckmaster – arrangør
  • David Larkham – kunstnarisk leiar, design, illustrasjonar, fotografi
  • Gill – kunstverk
  • Yanis – kunstverk
  • Bob Gruen – fotografi
  • John Tobler – notat i omslaget
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1972), Plassering ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads