Elva Ardèche

From Wikipedia, the free encyclopedia

Elva Ardèche
Remove ads

Ardèche (oksitansk: Ardecha) er ei 120 km lang elv sør i Frankrike, og ei av sideelvane til Rhône frå høgre. Ho har sitt utspring i Massif Central, nær landsbyen Astet. Ho munnar ut i Rhône nær Pont-Saint-Esprit, nordvest for Orange. Elva har gjeve namn til departementet Ardèche.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...
Thumb
Ardèche nær Aubenas

Ardèchedalen er svært naturskjønn, særleg over eit 30 km langt strekke kalla Gorges du Ardèche. Her er det 300 meter høge kalksteinsklipper som utgjer breidda av elva. Kajakkpadling ned dette stykket er ikkje så veldig teknisk vanskeleg og er svært populært om sommaren. Så mange tar denne turen at det byrjar å verte eit problem for styresmaktene av naturparken som ligg i området. Den mest vidkjende staden her er ein naturleg steinboge med eit spenn på 60 meter, som går over elva, kalla Pont d'Arc (Bogebrua).

Remove ads

Departement og byar

Ardèche renn gjennom følgjande departement og byar:

Sideelvar

  • Auzon
  • Ligne
  • Lignon
  • Beaume
  • Chassezac
  • Ibie
Thumb
Ardèche sett frå sør.

Bakgrunnsstoff

44°23′24″N 4°24′08″E


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads