Elva Charente

From Wikipedia, the free encyclopedia

Elva Charente
Remove ads

Charente er ei 360 km lang elv vest i Frankrike som munnar ut i Biscayabukta og Atlanterhavet

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ho har sitt utspring i departement Haute-Vienne nær Rochechouart. Ho renn gjennom departementa Haute-Vienne, Charente, Vienne og Charente-Maritime, og munnar ut i Biscayabukta nær Rochefort.

Remove ads

Transport

Charente har vore framkommeleg i mange år, men det er første dei siste åra at transporten på elva har teke seg opp att etter at det var nesten heilt stopp på midten av 1900-talet. Ein har gjort elva framkommeleg opp til Angoulême, og i dag er det stort sett feriebåtar som nyttar ho. Elva renn gjennom byar som Cognac, Jarnac, Saintes og Rochefort, og har flotte mogelegheitar for turisme.

Elva har vorte kanalisert oppover frå Saintes, og har sluser av moderat storleik, 34x6 meter. Langs elva ligg det båthamner der ein kan leige båtar, eller ligge til kai.

Remove ads

Sideelvar

Sideelvar til Charente er mellom anna:

  • Antenne
  • Coran
  • Seugne
  • Bramerit
  • Boutonne
  • Arnoult
  • Gère

Byar

Av byar langs Charente finn ein:

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads