Saintes

From Wikipedia, the free encyclopedia

Saintesmap
Remove ads

Saintes er ein by og kommune vest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Charente-Maritime i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 4 000 innbyggjarar.

Kjappe fakta Land Region Departement, Flatevidd ...

Saintes ligg ved elva Charente mellom La Rochelle og Bordeaux.

Remove ads

Historie

Thumb
Amfiteateret i Saintes
Thumb
Triumfbogen i Germanicus (år 19 e.Kr.) ved den høgre breidda til elva Charente

I romartida vart byen kalla Mediolanum Santonum. Han vart grunnlagd rundt 20 fvt., og ein meiner at Saintes hadde om lag 15 000 innbyggjarar på den tida, ikkje langt unna same folketal som i dag.

Saintes var hovudstad i den tidlegare provinsen Saintonge. Han var åstad for den andre delen av Saintonge-krigen i 1242, då hæren til Hugo X vart omleira av hæren til Ludvig IX og Alphonse av Poitiers.

Hugenottkrigen råka Saintes gjennom heile 1500-talet sidan mange protestantar budde i området.

I 1730 byrja ei ny tid i byen med bygginga av hôtel du Marquis de Monconseil, som var byrjinga på mange endringar i bylandskapet. Guéau de Reverseaux og andre bygde hovudgater i Saintes som Cours National, som opna i 1815, eller Cours Reverseaux. I 1810 vart La Rochelle préfecture i departementet, men Saintes fekk framleis ha Cour d'Assise, som førte til at det vart bygd eit nytt Palais de Justice i 1863.

I 1843 redda Prosper Mérimée Arc de Germanicus (triumfbogen), men den gamle brua vart øydelagd. Haras National de Saintes vart oppretta i 1846 og byen utvida seg austover. Den høgre breidda vart utvikla då jernbanen kom til Saintes. Stasjonen vart bygd i 1867 og avenue Gambetta knytte han til Charente.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Saintes


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads