Elvira Nabiullina
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elvira Sakhipzadovna Nabiullina (fødd 29. oktober 1963 i Ufa) er ein russisk økonom av tartarsk opphav. Ho blei sentralbanksjef i Russland i juni 2013.[1]
Nabiullina var minister for økonomisk utvikling og handel i Regjeringa Putin II i 2007. Frå mai 2012 til juni 2013 verka ho som økonomisk rådgjevar for Vladimir Putin.[2] Då ho blei utnemnd til sjef for den russiske sentralbanken i 2013 var ho den første kvinna i noko G8-land til å leia ein sentralbank.[3]
Nabiullina spela ei sentral rolle i å redda den russiske økonomien ved årsskiftet 2014-2015.[4] Forbes har rangert henne som verdas 56. mektigaste kvinne [3].
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads