Elvis
mannsnamn From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elvis er eit opphavleg engelskspråkleg mannsnamn Det er særleg blitt kjend gjennom songaren Elvis Presley.

Opphav
Namnet er ei anglisering av namnet til den irske helgenen Ailbe av Emly.[1] Tydinga av dette namnet er usikker, det kan ha blitt forstått i mellomalderen som ei avleiing av irsk ail, 'stein'.[2]
Ei vanleg forklaring av opphavet til namnet er at det skal koma frå det gammalengelske Eall-wīs, som tyder 'allvis', men dette namnet er ikkje kjend frå angelsaksiske kjelder.[3] Overgangen frå lyden w til v i moderne engelsk er også lite sannsynleg. Det er mogleg at forklaringa er inspirert av det norrøne mytologiske namnet Alvíss.[4] Andre alternative ordsoger som er blitt føreslått inkluderer at det er eit etternamn avleidd frå Eloise, er ei avleiing av eit etternamn som Elwes, eller at det er knytt til namnet Alwyn.[5]
Remove ads
Bruk
Namnet Elvis var i bruk før det blei gjort kjend av Elvis Presley (1935–1977), til dømes av den amerikanske embetsmannen Elvis Jacob Stahr, Jr. (1916–1998), som var fødd same året som far til Presley, Vernon Elvis Presley.[6] Namnet blei likevel mykje meir populært då karrieren til Elvis Presley tok av.[7]
Namnet har rundt 131 brukarar i Noreg.[8] Det har 1324 brukarar i Sverige.
Kjende namneberarar
- Elvis Presley (1935–1977), amerikansk songar
- Per Elvis Granberg (1941-1980, opphavleg Per Granberg), norsk songar
- Elvis Costello (f. 1954), britisk songar, som tok artistnamn etter Presley
- Stig Elvis Furset (f. 1967), norsk Elvis-imitator
- Kjell Elvis (f. 1968 som Kjell Henning Bjørnestad), norsk Elvis-imitator
- Elvis Fatović (f. 1971), kroatisk vasspolospelar og -trenar
- Elvis Stojko (f. 1972), canadisk kunstløpar
- Ahyee Aye Elvis (f. 1983), ivoriansk fotballspelar
- Elvis Abbruscato (f. 1981), italiensk fotballspelar
Annan bruk
- Elvis! Elvis! er ei barnebok frå 1973 av Maria Gripe
- «Elvis» er ein song av den norske humortrioen Prima Vera
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads