Elvis (1973)

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Elvis er eit album frå 1973 av Elvis Presley. Det selde over ein million eksemplar verda over, trass i at det om ut kort tid etter det langt meir suksessrike Aloha from Hawaii. Det vert stundom kalla «The Fool» etter ein av songane på albumet, og for å skilje det frå albumet frå 1956 med same tittel. «Fool» vart gjeven ut på singel og nådde 15. plassen på den britiske singellista, i lag med eit konsertopptak av «Steamroller Blues».

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

«Fool» og «Where Do I Go From Here» vart spelte inn i mars 1972. «It's Impossible» er eit konsertopptak frå Hilton Hotel i Las Vegas frå februar 1972. Spor 3, 4, 6–10 var songar som var att etter innspelingane i mars og mai 1971 i RCA sitt Studio B i Nashville. På tre av songane spelar Presley piano: «It's Still Here», «I'll Take You Home Again, Kathleen» og «I Will Be True». Desse tre vart alle gjevne ut på ny som ein del av plateboks i 1980, Elvis Aron Presley. Songen «Fool» var òg med i denne samlinga. Fire andre songar på albumet vart òg gjevne ut på ny på seinare album: «It's Impossible» (Pure Gold, 1975), «Padre» (He Walks Beside Me, 1978), «(That's What You Get) For Lovin' Me» (A Canada Tribute, 1978) og «Don't Think Twice, It's All Right» (Our Memories Of Elvis Volume 2, 1979).

Remove ads

Innhald

Original LP-utgåve

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

[4]

Follow That Dream-utgåva

Etter meir enn 20 år ute av opplag på vinyl, gav RCA ut albumet på ny i mars 1994 på CD, og igjen i 2010 på samleetiketten Follow that Dream.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

  • J.D. Sumner – vokal
  • Ron Tutt – trommer
  • Hurshel Wiginton – korvokal
  • John Wilkinson – gitar
  • Mary Holliday – korvokal
  • Kathy Westmoreland – korvokal
  • Charlie McCoy – munnspel
  • Joe Guercio – conductor
  • David Briggs – piano
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads