Elvis Country (I'm 10,000 Years Old)
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Elvis Country (I'm 10,000 Years Old) er eit studioalbum av Elvis Presley, gjeve ut på RCA Records i januar 1971. Det vart spelt inn i RCA Studio B i Nashville, og nådde 12. plassen på Billboard 200.[5] Det gjekk opp til sjetteplassen på albumlista i Storbritannia og selde over ein million eksemplar verda over.[6] Det selde til gullplate i USA 1. desember 1977.[7]
Den første singelen frå albumet, «I Really Don't Want to Know» med B-sida «There Goes My Everything», vart gjeven ut 8. desember 1970 og nådde 21. plassen på Billboard Hot 100, andreplassen på Adult Contemporary-lista og 23. plassen på countrylista.[8]
Remove ads
Songar
Det meste av albumet vart spelt inn på fem dagar i juni 1970, då det vart spelt inn i alt 35 songar. Presley spelte inn kvar song på direkten, i lag med bandet, slik det var vanleg for han. Åtte songar frå innspelinga var gjeve ut to månader tidlegare, i november 1970, på That's the Way It Is. Under innspelinga innsåg Presley og produsenten Felton Jarvis at dei hadde fleire countrysongar og valde å spele inn fleire for å skape eit heilt album med countrymusikk. Dei trong to songar til, og Presley gjekk inn att i studio i september og spelte inn «Snowbird» og ein manisk versjon av «Whole Lotta Shakin' Goin' On».
Utdrag av songen «I Was Born About Ten Thousand Years Ago» fungerte som mellomspel mellom kvar song.
Etter dette albumet gjekk Presley attende til å spele inn tilsynelatande tilfeldige utvalde songar, som han let produsenten setje saman til eit album.
Remove ads
Innhald
Originalutgåve
Utgåva frå 2000 med bonusspor
Legacy-utgåva frå 2012
Remove ads
Medverkande
|
|
|
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads