Snowbird

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Snowbird» er ein song av den kanadiske låtskrivaren Gene MacLellan. Songen er blitt spelt av mange artistar, som Bing Crosby og Elvis Presley, men er mest kjend med innspelinga til Anne Murray frå 1969, som kom ut på singel sommaren 1970. Singelen nådde andreplassen på poplista i Canada og toppen av både adult contemporary- og country-lista. I USA nådde singelen åttandeplassen på poplista, og låg seks veker på toppen av den amerikanske adult contemporary-lista, og fekk ei overraskande topp 10-plassering på country-lista òg. Songen selde til gullplate i USA, den første gjeven til ein kvinnelege kanadisk soloartist.[1] Songen nådde 23. plassen på den britiske singellista. I 2003 vart songen innlemma i Canada Songwriters Hall of Fame.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Anne Murray og Gene MacLellan hadde møtt kvarandre då dei begge ofte spelte på CBC-showet Singalong Jubilee og Murray spelte inn to songar av MacLellan, «Snowbird» og «Biding My Time», for det første store albumet hennar, This Way Is My Way, i 1969. Murray sa seinare: «Gene fortalte meg at han skreiv [«Snowbird»] på tjue minuttar då han gjekk på ei stand på PEI[3]

Gene MacLellan spelte inn sin eigen versjon av «Snowbird» on his 1970 album Street Corner Preacher: MacLellan's version features an additional verse to the song's standard two verse format.

I 2007 spelte Anne Murray inn «Snowbird» på ny for albumet Anne Murray Duets: Friends & Legends, i ein duett med Sarah Brightman.

Remove ads

Lister

Meir informasjon Lister (1970), Plassering ...
Remove ads

Andre versjonar

1970

  • Lynn Anderson - album Rose Garden
  • Perry Como - album It's Impossible
  • Annette Klingenberg (som «Lille Sangfugl»)
  • Anna-Lena Löfgren (som «Pröva Dina Vingar»)
  • Loretta Lynn - album Coal Miner's Daughter
  • Gene MacLellan - album Gene MacLellan
  • Lize Marke (som «Zeemeeuw»)
  • Liv Maessen (13. plassen i Australia)
  • Jean Shepard - album Here & Now
  • Andy Williams - album The Andy Williams Show
  • Slim Whitman - album Guess Who

1971

1972

  • Chris Connor - album Sketches
  • Bing Crosby - album Bing N' Basie
  • Billie Jo Spears - album Just Singin'

1974

  • Wanda Jackson - album When It's Time to Fall in Love Again

1975

1987

  • Bles Bridges - album Fight For Love

1989

  • Birthe Kjaer (som «Sangfugl») - album Vi Maler Byen Rød

2001

  • Rita MacNeil - album Music of a Thousand Nights
  • Dana Winner - album Unforgettable

2011

  • Catherine MacLellan - album «Silhouette»

Year?

  • Anne Marie Kvien (som «Gjør din drøm til virkelighet»)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads