Rags to Riches

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Rags to Riches» er ein song frå 1953 av Richard Adler og Jerry Ross.[1] Den mest kjende versjonen av songen vart spelt inn av Tony Bennett med Percy Faith og orkesteret hans, og låg åtte veker på toppen av Billboard-lista i 1953 og selde til gullplate.[2] Same året gjekk ein versjon med David Whitfield til tredjeplassen på den britiske singellista og ein versjon med Billy Ward and his Dominoes og Jackie Wilson på vokal, nådde andreplassen på R&B-lista til Billboard. Seinare innspelingar av Sunny & the Sunliners (45. plassen i 1963)[3] og Elvis Presley (33. plassen i 1971)[4] gjekk òg inn på Billboard-listene.

Ei innspeling av Les Howard med orkester dirigert av Frank Cordell vart spelt inn i London 14. november 1953.

Tony Bennett sin versjon vart nytta i byrjinga av filmen Goodfellas, like etter Henry Hill lukkar bagasjerommet på ein bil og stemma hans seier «As far back as I can remember, I always wanted to be a gangster.»[5] Songen vart òg nytta i ein episode av Columbo.[6]

Opningslinja av songen vert ofte sungen av karakteren Carmine Ragusa i TV-serien Laverne & Shirley,[7] ofte når han hadde gode nyhende.

«Rags to Riches» danna grunnlaget for ei uvanleg hending seint i karrieren til Elvis Presley. Nær slutten av nyårskonserten 31. desember 1976, annonserte Elvis at han skulle syngje songen, men bandet hadde visstnok ikkje øvd på songen og visste ikkje om dette. Presley spelte piano og ropte ut akkordane til det overraska bandet og song ein overraskande sterk versjon. Framføringa fekk ståande applaus hos publikum. Dette var den einaste gongen Presley song songen på scenen. Eit pubikumsmedlem gjorde eit piratkopiopptak av framføringa.

I 2006 spelte Barry Manilow «Rags to Riches» på albumet The Greatest Songs of the Fifties.[8]

Songen finst i videospelet Mafia II frå 2010.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads