Emil Karlsen

norsk samisk kunstnar og musikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Emil Karlsen
Remove ads

Emil Ráste Nikolavu Karlsen (fødd i 1997) er ein norsk samisk kunstnar, artist og skodespelar frå Storfjord i Nord-Troms. Karlsen er vokalist og gitarist i poprock-bandet Resirkulert[1] og har ei solokarriere under kunstnarnamnet Emil Kárlsen. Han vart vald som Riddu Riđđus unge kunstnar i 2019.[2]

Kjappe fakta Fødd, Fødenamn ...
Thumb
Karlsen under Riddu Riđđu-festivalen 2018
Foto: Ørjan Marakatt Bertelsen

Karlsen er sjøsame og oppvaksen i Oteren i Storfjord kommune. I vaksen alder lærte han seg å joike og gav ut ein joik til bestefaren sin i 2018 som han òg framførte på Nordlysfestivalen.[3]

I 2021 gav han ut albumet Nágirvárrái saman med artisten Lávre.[4] Der deltek òg andre samiske musikarar som Katarina Barruk, Ulla Pirttijärvi og Hildá Länsman.

Karlsen debuterte òg som skodespelar i 2021, då han spela Jussi i Beaivváš Sámi Našunálateáhter si oppsetjing av Koke bjørn, basert på boka av Mikael Niemi.[5][6] I 2023 spela han hovudrolla i stykket Bjørnejegeren Ol-Tomså, også dette hjå Beaivváš.[7]

Remove ads

Diskografi

Med Resirkulert:

  • Du snakke for dæ sjøl (2017)
  • For en dag, for et liv (2019)

Soloalbum:

  • Nágirvárrái (med Lávre, 2021)
  • Binnát (EP, 2024)

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads