Emile Heskey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emile William Ivanhoe Heskey (fødd 11. januar 1978 i Leicester) er ein engelsk fotballspelar. Han har spela for Aston Villa i engelsk Premier League, og for det engelske landslaget. Han var med på å vinna UEFA-cupen med Liverpool i 2001. I 2004/05-sesongen var han Birmingham City sin toppskårar i Premier League, med 11 seriemål, og i 2006/07-sesongen var han det same for Wigan Athletic med 9 seriemål. Han debuterte for England sitt A-landslag 28. april 1999 i ein vennskapskamp borte mot Ungarn og fekk sin landskamp nummer 50 for England 15. oktober 2008 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Kviterussland.
Remove ads
- Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC
- Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1997 og 2000 med Leicester City
- Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC
- Finalist i den engelske ligacupen: 1999 med Leicester City
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Emile Heskey» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2024.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads