Emilie Marie Nereng
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Emilie Marie Nereng, kjend som Voe (fødd 3. november 1995 i Hønefoss) er ein norsk skribent, songar og modell. Ho vart kjend som bloggar i 2009, og var den norske bloggaren med flest treff i fleire månader i 2009 og 2010.
Nereng er fødd og bur i Hønefoss. Ho byrja å blogge i mars 2009. I oktober 2009 hadde bloggen hennar 3,5 millionar treff. 2. januar 2011 kunngjorde ho på bloggen sin at ho slutta å blogge grunna mykje negativ merknad og tidspress. 31. august 2011 byrja ho å blogg igjen.[1]
I 2010 forelas ho om sosiale medier på Høgskolen i Lillehammer. Ho var med sine 14 år tidenes yngste forelesar på høgskulen. 20. oktober 2011 var ho æresgjest og stod for den formelle opninga av Telenor sitt nye mobilnett i Noreg[2][3] – som vikar for kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.[4]
Namnet Voe kjem av at ho vart kalla Voe på grunn av ei T-skjorte ho hadde på seg, der det stod Voe, som er ei forkorting for Voice of Europe.
Ho har òg jobba som modell, og har utført modelloppdrag for ungdomsbladet Topp og jentebladet Julia, og dessutan OnePiece.
Hausten 2012 deltok ho i Norske Talenter på TV 2, saman med Dandelions Cheer Crew. Laget tevla om ein semifinaleplass, men rauk ut i ein av kvartfinalane.[5]
Vinteren og våren 2013 er ho med i den norske fjernsynsserien Bloggerne på TV 2 Bliss.[6]
Remove ads
Diskografi
Singlar
- 2010: Don't Talk To Me
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads