Emiratet Granada

From Wikipedia, the free encyclopedia

Emiratet Granada
Remove ads

Emiratet Granada, også kjent som Nasridkongeriket av Granada (spansk Reino Nazarí de Granada), blei skipa i 1238 av Muhammad ibn al-Ahmar, grunnleggjaren av det siste muslimske dynastiet på Den iberiske halvøya, nasridane. Under deira tid blei Granada eit verdssenter for kunst, kultur og vitskap, og palassområdet Alhambra blei vidare utbygt. Emiratet var det siste området på Den iberiske halvøya som blei styrt av maurarar. Det motsvara omtrent dei novarande spanske provinsane Granada, Almería og Málaga. Størsteparten av innbyggjarane hadde andalusisk arabisk som morsmål.

Kjappe fakta

Stadig innbyrdes strid førte til at emiratet blei svekka og minska i utbreiing, og mot slutten av eksistensen sin omfatta det berre hovudstaden Granada og nokre område rundt. I 1246 måtte Granada til slutt erkjenna overmakta til Castilla, og måtte deretter betala ein årleg skatt. I 1481 betalte ikkje emiren skatten, og dette førte til ein lang krig som enda med at Granada blei erobrra 2. januar 1492. Den siste nasrideherskaren Muhammad XII eller Boabdil flykta, og drog etterkvart i eksil til Marokko.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Emiratet Granada


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads