Empty Rooms
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Empty Rooms er eit studioalbum av den engelske bluesmusikaren John Mayall, gjeve ut seint i 1969 på Polydor. Det er ein oppfølgjar til konsertalbumet The Turning Point, som kom ut tidlegare på året med dei same musikarane: Jon Mark på akustisk gitar, Johnny Almond på saksofonar og fløyte, og Stephen Thompson på bass. John Mayall syng, spelar munnspel, gitar og klaverinstrument (inkludert ein moog synthesizer). Den tidlegare Canned Heat-bassisten Larry Taylor er gjesteartist som ekstra bassist på songen «To a Princess,» og improviserer med Thompson i ein uvanleg bass-duett. Utan trommer er rytmen flytande og lydbiletet uvanleg, sjølv for eit John Mayall-album. Songane er alle skrivne av Mayall og handlar hovudsakleg om romansen hans med fotografen Nancy Throckmorton, eit tema han tok opp att på USA Union.
Empty Rooms var den einaste studioinnspelinga med besetninga frå Turning Point, og ho vart oppløyst kort tid etter dette albumet vart spelt inn. Larry Taylor vart derimot verande med Mayall som ein av tre amerikanske musikarar (gitaristen Harvey Mandel, òg tidlegare frå Canned Heat; og den elektriske fiolinist Sugarcane Harris utgjorde resten av den nye besetninga) som spelte på USA Union.
Albumet nådde 33. plassen på den amerikanske Billboard-lista og niandeplassen i Storbritannia.[1]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av John Mayall, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- John Mayall - vokal, munnspel, gitar, klaverinstrument
- Jon Mark - gitar
- Johnny Almond - saksofon, fløyte
- Larry Taylor - bass
- Steven Thompson - bass
og
- Lydteknikarar - Barry Ainsworth, Eddie Kramer, Eddy Offord og John Judnich
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads