The Turning Point av John Mayall
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
The Turning Point er eit konsertalbum av John Mayall med britisk bluesmusikk spelt inn under ein konsert i Fillmore East i New York City den 12. juli 1969.
Remove ads
Bakgrunn
Då John Mayall starta opp eit nytt band etter at The Bluesbreakers vart oppløyst i mai 1969[4] valde han eit band som skulle spele «lågvolumsmusikk» – eller musikk utan «tung sologitar og trommer».[1]
Musikarar
Artistane som spelar på albumet var Mayall på vokal, munnspel, ein slide- og ein Fender Telecaster-gitar, tamburin og vokalperkusjon, Jon Mark på akustisk gitar, Steve Thompson på bass og Johnny Almond på tenor- og altsaksofon, fløyter og vokalperkusjon. Alle songane på albumet var skrivne av eller delvis av John Mayall. Thompson var medlåtskrivar på «California», «Thoughts About Roxanne» og «Don't Waste My Time».[1] Ein annan song, «I'm Gonna Fight For You, J.B.», er ei hyllest til den amerikanske bluesgitaristen J.B. Lenoir som døydde i 1967 og som var til stor inspirasjon for Mayall (dette var den andre hyllesta Mayall skreiv til musikaren. «The Death of J.B. Lenoir» kom ut tidlegare på Crusade). To konsertar fann stad 11. og 12. juli.[4] Alle songane er frå den andre konserten.
Produksjon
Albumet vart produsert av John Mayall, som òg designa plateomslaget og var kunstnarisk leiar for omslaget. Lydteknikar var Eddie Kramer, som òg var lydteknikar for Jimi Hendrix og Led Zeppelin, blant fleire.[1]
Remove ads
Nyutgjevingar
I 2001 kom albumet ut på ein nymastra CD med tre bonusspor frå same konserten.
Tidlegare innspelingar av det same materiale, frå ein konsert i juni 1969 i England, kom ut i 1999 på plata The Masters. Ein konsert på The Marquee den 30. juni 1969 hadde òg liknande setliste, og denne kom ut på The Turning Point Soundtrack i lag med musikk frå The Masters. Bandet vart då kalla John Mayall and the Bluesbreakers. Delar av øvingane til desse konsertane, og sjølve konsertane, vart filma og kom ut på ein 25 minuttar lang svart og kvit TV-dokumentar på BBC i 1996.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av John Mayall, utanom er andre er nemnde
Medverkande
- John Almond – fløyte, saksofon, altsaksofon, tenorsaksofon, vokalperkusjon
- Jon Mark – akustisk gitar
- John Mayall – gitar, munnspel, klaverinstrument, tamburin, vokal, slidegitar, vokalperkusjon
- Steve Thompson – bassgitar
Produksjon
- Bob Gordon – fotografi
- Suha Gur – mastering
- Eddie Kramer – lydteknikar
- Bill Levenson – produsent for nyutgjeving
- John Mayall – tekst i omslaget, kunstnarisk leiar, design, fotografi, produsent
- Monique McGuffin – produksjonskoordinering
- Neil Slaven – tekst i omslaget
- Tapani Tapanainen – fotografi
- Chris Welch – tekst i omslaget
- Barry Wentzell – fotografi
- Zill – fotografi
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads