Enderby Land
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Enderby Land er ein framskytande landmasse i Antarktis, som strekkjer seg frå Carnebreen ved kring 67°55′S 44°38′E til William Scoresby Bay ved 67°24′S 59°34′E. Området vart oppdaga i februar 1831 av John Biscoe i kvalfangstbriggen «Tula» og kalla opp etter Enderby-brørne frå London, eigarane av «Tula», som oppfordra kapteinane sine til å kombinere utforsking og selfangst.[1]
Området er ein del av Australsk Antarktis og her finn ein mellom anna Amundsen Bay, Casey Bay, Scott Mountains, Tula Mountains og Napier Mountains. Det høgaste fjellet i Enderby Land er Mount Elkins på 2300 moh.
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads