Australsk Antarktis
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Australsk Antarktis (AAT; Australian Antarctic Territory) er ein del av Antarktis. Storbritannia gjorde krav på området og sette det under styret til Australia i 1933. Det er det største kravområdet. Etter at Antarktistraktaten tredde i kraft i 1961, seier paragraf 4 at «Denne avtalen anerkjenner, motstrider eller opprettar ikkje territoriale krav. Det skal heller ikkje fremjast nye krav medan avtalen er i kraft» og dei fleste landa i verda har ikkje anerkjent kravområda i Antarktis.[1]
Remove ads
Området
Australsk Antarktis består av alle øyane og landområda sør for 60°S og mellom 45°E og 160°E, utanom Adélie Land (136°E til 142°E), som deler området inn i Vestleg Australsk Antarktis (den største delen) og Austleg Australsk Antarktis. Det grensar til Dronning Maud Land i vest og til Ross Dependency i aust. Arealet er estimert til 5 896 500 km².[2]
Området er busett av besetninga på forskingsstasjonane. Australian Antarctic Division administrerer området hovudsakleg ved å halde tre stasjonar (Mawson, Davis og Casey) opne året rundt for forskjellige forskingsprosjekt.
Remove ads
Inndeling
Territoriet er delt inn i ni distrikt, som frå vest til aust er:
Remove ads
Territoriale farvatn
Dei territoriale farvatna i Australsk Antarktis er internasjonalt farvatn og strekkjer seg 200 nautiske mil ut frå kysten av Antarktis.
Stasjonar

Aktive og nedlagde stasjonar i territoriet, frå vest til aust:
Remove ads
Historie
Storbritannia gjorde først krav på Victoria Land den 9. januar 1841 og så på Enderby Land i 1930. I 1933 gjorde ein kongeleg resolusjon at området sør for 60° S og mellom lengdegradane 160° E og 45° E vart overført til Australia.[3]
Grensene til Adélie Land vart fastsett i 1938. I 1947 overførte Storbritannia Heard- og McDonaldøyane til territoriet. Den 13. februar 1954,[4] vart Mawson Station oppretta som den første australske stasjonen på kontinentet.
Remove ads
Anerkjenning av australsk statsvelde
Australia sitt krav om statsvelde over Australsk Antarktis er anerkjent av Storbritannia, New Zealand, Frankrike og Noreg.[5] Japan anerkjenner ikkje dette kravet,[6] og heller ikkje det australske kravet om territorialfarvatna der japanske skip driv kvalfangst.[7]
Gruvedrift i Antarktis
Dei siste 20 åra har Australia vore i ein debatt om ein skal tillate gruvedrift på det mineralrike kontinentet.[8] Fleire forslag har vorte lagt fram, men alle har vorte avslått.[9]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads