Epipactis dunensis
planteart From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Epipactis dunensis er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Arten er endemisk for Dei britiske øyane.[1]
| Epipactis dunensis | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | Epipactis | ||
| Art: | E. dunensis | ||
| Vitskapleg namn | |||
| Epipactis dunensis
(T.Stephenson & T.A.Stephenson) Godfery | |||
| Økologi | |||
| Habitat: | sanddynelandskap, skog | ||
| Utbreiing: | Dei britiske øyane | ||
Remove ads
Systematikk
Ein reknar med at arten har desse underartane:[2][3]
- nominatunderarten E. dunensis ssp. dunensis
- E. dunensis ssp. tynensis
- E. dunensis ssp. sancta (somme tider rekna som eigen art, E. sancta)
I Plants of the World Online er desse ikkje rekna som underartar, men som synonym for arten.[1]
Utbreiing
Både i Storbritannia og Irland er det uvisse om tilhøvet mellom den endemiske arten E. dunensis (engelsk namn dune helleborine) og grønflangre.[3] Sett under eitt er dei to artane livskraftige, men det trengst meir data for å vurdere artane i Storbritannia.[4][5] E. dunensis finst truleg likevel ikkje i Skottland.[6] I Wales reknar ein arten som sårbar (VU).[7] Arten er sett på venteliste (WL) for raudlistevurdering i Irland.[8]
Remove ads
Hybridar
Epipactis dunensis kan danne hybridar med skogbreiflangre (Epipactis dunensis × helleborine ssp. helleborine), kjend frå mange stader i Skottland.[9]
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads
