Erot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erot (gresk, frå eros) er ei framstilling av ein kjærleiksgud frå gresk mytologi, tilsvarande amorin eller cupido i romersk mytologi. I seingresk og romersk kunst er erotar framstilte som gudar i barneskikkelse, med venger og med pil og boge som dei vanlegaste attributtane.

Dei opptrer ofte i lag med kjærleiksgudinna, Afrodite/Venus. Det finst veggmåleri i Pompeii av Venus med eit følgje av erotar.
Dei kunne også opptre på eiga hand, til dømes i samband med bryllaup:

I biletkunst frå renessansen og seinare fortsette ein tradisjonen med figurar av små barn med venger, såkalla puttoar eller geniar.[1]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads