Erratic Point

From Wikipedia, the free encyclopedia

Erratic Point
Remove ads

Erratic Point er eit lita, mosedekt nes ved South West Bay, 1,3 nautiske mil nordaust for Cape Gazert, på vestsida av Heardøya i det sørlege Indiahavet. Den første tyske antarktisekspedisjonen i 1902 kartla eit nes i nærleiken, frå toppen av Mount Drygalski og gav det namnet «Kap Lerche.» I november 1929 kartla British Australian and New Zealand Antarctic Research Expedition under Douglas Mawson eit lite nes på denne staden og gav det namnet «Erratic Point» på grunn av mange massive flyttblokker (erratic blocks på engelsk) her. Australian National Antarctic Research Expedition klarte ikkje å finne eit utprega nes i dette området under kartlegginga deira i 1948 og gav derfor dette vesle neset namnet.[1]

Kjappe fakta Land, Stad ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads