Erris Head
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Erris Head (irsk Ceann Iorrais[1]) er eit nes som ligg på nordspissen av Mullet-halvøya i Erris nordvest i County Mayo i Irland. Det er velkjent som eit landemerke for sjøfolk og meteorologar, og er også eit utkikkspunkt mot Atlanterhavet frå bratte steinklipper.[2]
Remove ads
Verneområde
Erris Head har status som eit særskilt viktig verneområde (Special Area of Conservation, SAC) under habitatdirektivet til Europakommisjonen.
I klippene hekkar sjøfuglar, med havhest og svartbak som dei mest talrike. Vandrefalk og alpekråke kan også hekka her. Om vinteren beiter kvitkinngås på graset over klippene. Hare og buttsnutefrosk held til på neset, medan havert ofte held til ved foten av klippene.[3]
Ein del av havet, 200 m ut frå botnen av klippene, er del av det verna området. Det er verna hovudsakleg for å gje meir vern til sjøfuglane som hekker her.[3]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads