Espen Rian
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Espen Rian (fødd 10. februar 1981) er ein norsk tidlegare kombinertrennar frå Stadsbygd. Han var med på det norske firemannslaget som vann bronsemedalje i lagtevlinga under Ski-VM 2007. Frå NM-tevlingar fekk han med seg fem bronsemedaljar.
Remove ads
Karriere
Rian debuterte i verdscupen 29. desember 2001 i Oberwiesenthal, der han kom på 22. plass i sprintøvinga. I november og desember 2006 oppnådde han to plasseringar mellom dei ti første i verdscupen. Den beste plasseringa i verdscupen vart ein femteplass i Holmenkollen i 2008-sesongen.
Under VM 2007 i Sapporo var han med på å ta bronse i lagtevlinga med det norske laget, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Håvard Klemetsen. Individuelt vart han nummer åtte i normaløvinga med to hopp i skibakken og 10 km langrenn.
Rian var reserve til vinter-OL 2010 i Vancouver. Då Ole Christian Wendel vart sjuk og reiste heim, reiste Rian til Canada. Han deltok i den øvinga då det vart hoppa i den store bakken og vart nummer 35, dessutan var han med på Noregs lag som kom på femteplass i lagtevling.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap
- 2007: Nr 8 i normalprogrammet, bronsemedalje i lag under Ski-VM i Sapporo
- 2009: Nr 18 i halvprogrammet i verdsmeisteskapen i Liberec
- 2010: Nr 5 i lagtevling i vinter-OL i Vancouver
Besteplasseringar i internasjonale renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- Ski-NM 2003: Nr 4 i kombinert halvprogram i Molde
- Ski-NM 2004: Bronse i kombinert halvprogram og nr 9 i normalbakken, begge på Bardufoss
- Ski-NM 2005: Nr 4 på Lillehammer
- Ski-NM 2006: Bronse i halvprogram på Kongsberg
- Ski-NM 2007: Bronse i kombinert halvprogram i Bardu og nr 12 i skihopp i storbakken på Lillehammer
- Ski-NM 2008: Bronse i halvprogram i Trondheim
- Ski-NM 2009: Bronse i fellesstart på Gjøvik
- Ski-NM 2010: Nr 6 på Steinkjer
Han la opp som aktiv kombinertløpar i 2011.
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
- Espen Rian i fis-ski.com
- Espen Rian i olympedia.org
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads