Estepona
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Estepona er ein by og ein kommune på Costa del Sol, sør i Spania. Han ligg i provinsen Málaga i den autonome regionen Andalucía. Estepona er kjend for strendene sine og har ei kystlinje som er 21 km lang. Han er ein populær feriestad. Namnet «Estepona» stammar truleg frå det mauriske Astabbuna eller Al-extebunna.[1] Kommunen har kring 80 000 innbyggjarar, men talet aukar kraftig i turistsesongen. På grunn av naturtilhøva sine, omgjeven av hav og Sierra Bermeja-fjella, har Estepona eit mikroklima med over 325 soldagar i året.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads