Evening Star
album av Fripp & Eno From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Evening Star er eit album frå 1975 av dei britiske musikarane Robert Fripp og Brian Eno. Plateomslaget er eit måleri av Peter Schmidt.
Dei første tre songane er uforstyrra, lette bandsløyfer av gitar spelt av Robert Fripp og handsama med synthesizer og piano av Brian Eno. Det fjerde sporet, «Wind on Wind», er eit utdrag av soloprosjektet til Eno, Discreet Music, som kom ut etter dette albumet. Eno hadde opphavleg tenkt at Fripp skulle nytte materialet som vart Discreet Music som bakgrunnsmusikk til å improvisere over på konsertar.
Den andre halvdelen av albumet er eit 28 minuttar langt tamburstykke kalla «An Index of Metals», der gitartonar vert lagt oppå kvarandre i ein loop, med stadig aukande forvrenging etter kvart som stykket utviklar seg.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Brian Eno og Robert Fripp, bortsett frå der anna er nemnd
Medverkande
- Robert Fripp – gitar
- Brian Eno – bandsløyfer, synthesizer, piano
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads