Evolution av The Hollies
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Evolution er det første av to album frå 1967 av den britiske popgruppa The Hollies. Albumet nådde 13. plassen på den britiske albumlista..[3]
Remove ads
Bakgrunn
Som det førre albumet, For Certain Because, består dette albumet berre av songar skrivne av gruppemedlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks. Ingen av songane vart gjevne ut på singlar eller EP-ar i Storbritannia, men «Carrie Anne» frå den amerikanske albumutgåva vart gjeven ut på singel i USA. Trommelagaren Bobby Elliott spelte berre på tre av songane på albumet på grunn av blindtarmbetennelse, og vart erstatta av Dougie Wright, Clem Cattini og Mitch Mitchell frå The Jimi Hendrix Experience.[4]
Plateomslaget vart laga av The Fool, med eit psykedelisk foto av Karl Ferris, som skal ha vore den første til å ha teke eit psykedelisk fotografi for eit plateomslag.[5]
I 1978 gav Parlophone ut stereoversjonen av Evolution, i lag med Butterfly og Confessions of the Mind.
Songen «Have You Ever Loved Somebody?» vart gjeven ut tidlegare (i spetember 1966) av både The Searchers og Paul og Barry Ryan på singlar. Han vart først gjeven ut av The Everly Brothers på albumet Two Yanks in England.
Remove ads
Innspeling
Evolution og singlane frå denne tida vart spelte inn i EMI sitt Abbey Road Studios på berre seks dagar i løpet av ein tre månadersperiode tidleg i 1967, samstundes som The Beatles spelte inn Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band. Den første innspelingsdagen var 11. januar då «When Your Lights Turned On», «Have You Ever Loved Somebody» og B-sida «All the World is Love» vart fullført. Dei byrja òg på singelen «On a Carousel». Denne songen vart ferdig den neste innspelingsdagen, 13. januar, i lag med albumsporet «Lullaby to Tim». To songar sungne på italiensk, «Non prego per me» og «Devi avere fiducia in me» (førstnemnte skriven av Lucio Battisti og Mogol), vart òg spelt inn den dagen for ein singel i Italia. Den neste innspelinga 22. februar vart nytta til ytterlegare to songar for ein singel i Italia, «We're Alive» og «Kill Me Quick». «The Games We Play» og Graham Gouldman-songen «Schoolgirl» vart òg påbyrja denne dagen. Størsteparten av albumet vart spelt inn 3., 8. og 17. mars. Dei gjorde eit nytt forsøk på «Schoolgirl» den 8. mars, men denne vart til slutt skrinlagd. Dei siste songane for albumet vart spelte inn i juni med «Carrie Anne».
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash
Amerikansk versjon
Evolution var òg namnet på det første albumet The Hollies gav ut for det nye amerikanske selskapet deira, Epic Records. Med så mange amerikanske utgåver av britiske album, vart dette albumet miksa på nytt med mykje ekko og klang. I tilleg vart tre av songane på albumet fjerna og berre «Carrie Anne» vart lagt til.
Plateomslaget nytta det same biletet som den britiske utgåva, men med anna skrift.
Innhald
Alle spor skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks, and Graham Nash
Remove ads
Medverkande
The Hollies
- Allan Clarke – vokal, munnspel
- Tony Hicks – sologitar, vokal
- Graham Nash – rytmegitar, vokal
- Bobby Elliott – trommer på «When Your Light's Turned On», «Have You Ever Loved Somebody?» og «Lullaby to Tim»[4]
- Bernie Calvert – bassgitar
Andre medverkande
- Ron Richards – produsent
- Dougie Wright, Mitch Mitchell, Clem Cattini – trommer utanom dei Elliott spelte på[4]
- Elton John – piano på «Water on the Brain» og Hammondorgel på «You Need Love»[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads