For Certain Because

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

For Certain Because er det femte britiske studioalbumet til The Hollies og det andre i 1966.[2][3] Dette var det første Hollies-albumet der alle songane var skrivne av medlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks, og det første der dei ikkje brukte pseudonymet «Ransford». Dette var òg det første albumet deira med den nye bassisten Bernie Calvert.

Meir informasjon Britisk The Hollies-kronologi, Nordamerikansk The Hollies-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

For den nordamerikanske marknaden vart albumet kalla Stop! Stop! Stop! med eit anna omslag. Det kom ut i januar 1967 på grunn av den store suksessen til singelen «Stop Stop Stop». Det var det første Hollies-albumet der innhaldet var det same både i USA, Canada og Storbritannia. Det skjedde ikkje igjen før i 1970-åra. I tillegg brukte somme marknader tittelen Stop! Stop! Stop! då dei gav ut albumet, og i Storbritannia vart ei seinare utgåve av albumet kalla Stop! Stop! Stop!.[4] I 1983 gav Liberty Records i USA ut albumet som Pay You Back With Interest utan songane «Stop! Stop! Stop!» og «High Classed».

Stop! Stop! Stop! var det siste nye albumet til The Hollies for Imperial Records i USA og for Capitol Records i Canada. Det neste albumet deira, Evolution, kom ut i USA og Canada på Epic Records.

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads