Expecting to Fly

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Expecting to Fly» er ein song skriven av Neil Young, innspelt av bandet Buffalo Springfield og gjeven ut på albumet Buffalo Springfield Again i 1967. Songen vart òg gjeven ut som singel.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Buffalo Springfield-kronologi ...

Han er i følgje Matthew Greenwald i Allmusic ein av dei vakraste og grasiøse av dei tidlege songane til Neil Young, og var ei stor overrasking for lyttarane, særleg sett opp mot skarpare songar som «Mr. Soul».[1] Songen er bygd rundt særs enkle og finurlege akkordendringar, og har ein melodi og ei kjensle som minnar om det tidlege arbeidet til Tim Hardin, som både Stephen Stills og Young var store tilhengjarar av.

Jack Nitzsche arrangerte strykarane på songen og dette vart gjort i ein av periodane då Young mellombels hadde forlate Buffalo Springfield. Det var derfor i røynda eit soloprosjekt som i starten var meint for eit komande soloalbum. Innspelinga og strykearrangementet til Nitzsch, som er vorte skildra som «Phil Spector på syre», passar godt til storheita og den grasiøse kjensla til songen.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads