Buffalo Springfield Again

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Buffalo Springfield Again er det andre studioalbumet til Buffalo Springfield, utgjeve på Atco Records i november 1967. Albumet nådde 44. plassen på Billboard 200. I 2003 vart albumet rangert på 188. plassen på Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[8]

Meir informasjon -kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Albumet var med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[9]

Remove ads

Bakgrunn

I motsetnad til debutalbumet, som vart spelt inn forholdsvis kjapt sommaren 1966, var innspelinga av dette albumet spent og langtrekt, over ni månader i 1967. Fleire faktorar medverka til dette. Mellom anna hadde bassisten Bruce Palmer blitt deportert i januar og hadde kome attende til USA ulovleg for å arbeide med bandet, og gitaristen Neil Young hadde slutta og kome attende til gruppa fleire gonger, og var mellom anna ikkje med då bandet spelte på den kjende Montery Pop Festival, der David Crosby erstatta han etter ynskje frå gitaristen Stephen Stills.[10][11]

Av dei mest kjende songane er den mindre hiten til Neil Young, «Mr. Soul». Albumet inneheld òg to orkestereksperiment som Young gjorde i lag med Jack Nitzsche: «Expecting to Fly» og «Broken Arrow». Begge songane var meint for eit soloalbum, og det er berre Young og studiomusikarar som spelar på songen, bortsett frå at Richie Furay syng harmonivokal på den sistnemnde.

Stephen Stills medverka med fire songar, av desse «Rock and Roll Woman», ein song skriven i lag med David Crosby og visstnok med Crosby på korvokal. Crosby hadde då nettopp fått sparken i The Byrds. Denne songen er det første samarbeidet mellom Stills og Crosby, som seinare danna Crosby, Stills & Nash i lag.

Albumet inneheld den første innspelinga av songar skrivne av gitaristen Richie Furay, som ikkje hadde skrive songar til debutalbumet. I tillegg var det studiomusikarar med på forskjellige spor, der berre sjølve bandet spelte på debutalbumet. Då Palmer vart deportert måtte ein ha inn andre bassistar. Ein av gongane Young hadde slutta i bandet, hyrte han eit studio for å spele inn «Expecting to Fly» med musikarar utafor bandet for det han rekna med kom til å bli eit soloprosjekt og ikkje ei innspeling for Buffalo Springfield.[12] Jack Nitzsche laga arrangementa for «Expecting to Fly». Ingen medlemmar frå Buffalo Springfield spelar på songen. Nitzsche fortsette å arbeide med Young i starten av 1970-åra på både den første soloplata og bestseljaren Harvest, og vart sidan medlem av banda til Young, Crazy Horse og The Stray Gators.

Albumet inneheld ein tidleg countryrocksong av Furay, «A Child's Claim to Fame». Crosby syng visstnok vokal på «Rock and Roll Woman», og han skal òg visstnok ha vore medlåtskrivar på songen. Om dette er sant eller ikkje er ikkje visst, men Stills har fortalt at songen kom til under ein jam med Crosby.[13] Det lengre Young-stykket «Broken Arrow» byrjar med eit klipp av «Mr. Soul», kanskje ein konsertversjon, og er sungen av nokon andre enn Young, kanskje trommeslagaren Dewey Martin. Baksida av plateomslaget inneheld ei lang liste overr folk som vert takka som inspirasjonskjelder. Somme av desse kan vere musikarar på albumet. Albumet er dedisert til Barry Friedman, og oppført som ein York/Pala-produksjon. Albumet vart ommastra for CD i HDCD og gjeve ut på ny den 24. juni 1997.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Buffalo Springfield
Andre medverkande
  • James Burtondobro på «A Child's Claim to Fame»
  • Chris Sarns — gitar på «Broken Arrow»
  • Charlie Chin — banjo på «Bluebird»
  • Jack Nitzscheelektrisk piano på «Expecting to Fly»
  • Don Randipiano på «Expecting to Fly» and «Broken Arrow»
  • Jim Fielder — bass på «Everydays»
  • Bobby West — bass på «Bluebird»
  • The American Soul Train — blåserekkje på «Good Time Boy»
Andre musikarar som kan ha vore med
Teknisk
  • Ahmet Ertegun, Richie Furay, Charles Greene, Dewey Martin, Jack Nitzsche, Stephen Stills, Brian Stone, Neil Young — produsentar
  • Bruce Botnick, Bill Lazarus, Jim Messina, Ross Myering — lydteknikar
  • Loring Eutemey — design
  • Eve Babitz — illustrasjonar
  • Tim Mulligan — HDCD digital mastering
  • John Nowland, Pflash Pflaumer — analog til digital overføring

Salslister

Meir informasjon År, Liste ...
Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading content...
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads