Eyesight to the Blind

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Eyesight to the Blind» er ein bluesstandard skriven av Sonny Boy Williamson II (Aleck «Rice» Miller). Han vart første gong innspelt av Williamson i 1951 som den første singelen hans på Trumpet Records.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bluesutgåver

Som ein bluessong har originalen til Sonny Boy Williamson vorte spelt mange gonger. Den mest kjende av dei tidlege utgåvene er av The Larks, opphavleg ei vokalgruppe som hadde utvikla seg ut frå ei gospelgruppe, The Selah Jubilee Singers. Deira innspeling av «Eyesight to the Blind», med vokal og gitar av Allen Bunn, som seinare arbeidde solo som Tarheel Slim, nådde femteplassen på R&B-lista i USA i juli 1951.

Remove ads

Rockeutgåver

Songen har òg vorte spelt av fleire rockegrupper, som til dømes:

  • The Who - Tommy (1969). Ei utgåve av den sjette songen i rockeoperaen deira. Songen vert her kalla «The Hawker» i parantes. I filmutgåva av Tommy vert songen framført av Eric Clapton og Arthur Brown.
  • Aerosmith - Honkin' On Bobo (2004)
  • Gary Moore - Close As You Get (2007)
  • Eric Clapton - Crossroads 2: Live in the Seventies. Songen er ein del av ei 24 minuttar lang improvisering i lag med Carlos Santana.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads