Færing
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ein færing er ein open, spissgatta robåt med to par årar, og ofte òg med segl, òg er utbreidd frå Rogaland til Finnmark[1]. Færingen har vore i bruk i svært lang tid og er oftast mellom 12 og 14 fot lang. Færingen er truleg av de eldste robåtene i Noreg, og var i bruk ei god stund før vikingtida; Halsnøybåten frå rundt år 400 var ein færing, det var òg Gokstadfæringen frå rundt år 900.

Foto: Silje L. Bakke
Foto: Knut
I gamle dagar hadde så godt som kvar gard langs kysten nord for Agder minst ein færing. Han vart nytta til fiske nær land, transport av sauer og geiter når dei skulle på beite på holmar og øyer, eller når dei måtte transporterast over fjorden. Han vart òg nytta for å transportera høy, ved, varer frå handelsmannen og fleire andre oppgåver. Der dei ikkje hadde annan kyrkjebåt for dei til kyrkja og tinget i færing.
Remove ads
Midtrom
Nokre færingar har eit ekstra rom utan kneipar, mellom dei to rorsromma. Dette rommet vart kalla «hundrom» og færingar med slike rom vart kalla «hundromfæring»[1]. Andre namn på midtrommet var «bunkerom» og «kobberom», som førte til at båtane vart kalla «bunkerømming» respektivt «kobberømming» (eller «kobring»)[2]. Lengda på midtrommet kunne variera frå 1/4 til 3/4 (halvtredjerømming)[2]. I Trøndelag vart ein færing med 3/4 midtrom kalla «storfæring», ein med 1/4 midtrom vart kalla «liten færing» og ein utan midtrom vart kalla «småfæring»[2]. På Nordmøre vart færingar med midtrom kalla «melfæring»[3][1].
Remove ads
Etymologi
Færing kjem frå det gamalnorske ordet feræringr, som tyder "med fire årar" (to årepar).
Galleri
- Krumstemningsfæring (vanlig i Hålogaland fram til tidlig på 1800-talet) på Nordlandsmuseet i BodøFoto: Olve Utne
- Geitbåtfæringen «Glomstadgeita».Foto: Olve Utne
- Sunnmørsfæring rodd av to mann.Foto: Andreas Vartdal
- Færing i Balestrand; måleri av Hans Dahl
- Færing i Sognefjorden
- Færingen vart ofte nytta som skyssbåt.Foto: Paul Stang
- Kvinner i finstasen i Hardanger.
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads